Hanne Marte:)

Wednesday, November 30, 2005

Fantastisk!!


Hurra!! Sesongens fyrste skitur, og den kom før desember!:) Må sei at det var heilt fantastisk å spenne på sej skia igjen etter ei lang dvale! Ole og ej va dei heldige som fekk labbe oss opp til Rundemannen i god puddersnø. Der fann vi ly for vinden og naut nista og kakaoen, hærlig!! På vei nedover fekk vi til og med tatt nokre telemarksvingar, det kunne ikkje blitt bedre:) Gjett om ej e klar for meir snø?!? JAAAA!!!!:)

Sunday, November 27, 2005

Julebord





Laurdag 26. november var det julebord i Astrupsvei. Vi vart møtt av tre festkledde og klare gutar, ei nydelig lukt, fyr i peisen og julemusikk; julestemninga kom med det same! Kvelden starta med ein nydeleg middag, ribbe med alt tilbehør og sjokolademousse til dessert; skal sei dei gutane kan lage mat (forstår enda en gong at ej he vore heldig ja;))!! Det var heilt fantastisk...Etter at maten hadde fått sunke litt tok vi fatt med ein julegaveleik, og etter nokre spennande minutt med iherdig terningkasting hadde alle fått gaver (nokon fekk imidlertid meir enn andre;)). Etter dette var vi klare for litt aktivitet og spelte ei runde CRANIUM, eit morsomt spel! Ein svært vellykka kveld vart avslutta med pokersjåing på TV (passa kanskje ikkje so godt inn, men det var faktisk kjekt;) hehe...), og ute var det minusgrader og stjerneklart...jula er nær!

Hovudlykttur


Torsdag kveld var fem turglade vennar klare for litt trasking. Vi fann fram lykter, hadde med kakao, melkesjokolade, mandarinar og pringles, og sette kursen mot Løvstakken! Veret var nydelig og stemninga var til å ta og føle på, utrulig koslig:) Trur aldri eg har vore så konsentrert på ein tur før, for ettersom vi kom opp i høgda begynte det å bli temmeleg glatt på berget (trur kanskje det berre var vi jentene som var litt redde for å skli...rart...;)). På toppen fann vi oss ein sitteplass i ly for vinden, og kosa oss storleg! Eg fann ut at det var triks å helle kakao over låret når det blei kaldt, då blei alt so mykje varmare;) Kan anbefalast...Nedoverturen gjekk i raskaste laget for nokon, men Maria og eg fekk oss i alle fall mange gode latterar, det var faktisk litt kick! Må sei slike kveldar gjer at eg synest Bergen er ein GOD by å bo i, med mange kjekke folk...gleda mej til neste tur!

Tuesday, November 22, 2005

Skøyter med FIBER




Søndag var det FIBER-tur til Bergenshallen! Må sei ej va litt nervøs for korleis det skulle gå når ej tok på skøytene, og skal ikkje legge skjul på at ej følte mej som Bambi på isen...men kjekt var det!! Mot slutten av dagen turde ej mej til og med på nokre få svingommar, og ej kunne gå glad og fornøgd ut av hallen med berre eitt ekstra blåmerke;)

Besøk!


I helga hadde ej besøk av to kjekke venninne heimafrå; Marte og Siri! Vi hadde ei aktiv helg, va på Salemtrimmen, Ulriken, bytur, skøyter, strikking, film, middag hos Ole...og mykje meir!! Nok ei super helg!!:)

Monday, November 21, 2005

Heime:)

Forrige helg reiste ej heim til Ulsteinvik samen med min kjære! Vi hadde ei veldig kjekk helg, og godgutten min blei so godt likt av alle samen:) Vi fekk med oss en båttur, tur til Volda, bowling, gudsteneste, masse helsing på folk (for Ole sin del;)) og ikkje minst en nydelig og vindfull tur til Flø! Ei veldig bra helg...

Wednesday, November 09, 2005

Heim til Ulsteinvik



I morga reise Ole og ej heim t Vik, skal bli kjekt! Satsa på å få til litt klatring, båttur og andre kjekke ting! Ellers so blir det sikkert ei lita runde for å sei hei til litt slekt:) So skal vi en liten tur til Volda for å treffe venna av Ole og sjå landskamp! Ditte blir ei kjekk helg:)

Å, GURI!!!


...he blitt vårt nye uttrykk i Fabrikkgaten 20!! Kom gjerne med forslag til bedre og kulare, begynne å bli gaaaal...Ellers so kan ej sei at vi he d sinnsjukt gøy her i leiligheta, og alle som e klar for å trekke på smilebanda en kveld kan ta sej en tur innom oss, her e det som regel liv!:)

Kjæresten min


Her e min gode og snille kjæreste, Ole! Han går på lærarskulen på Landås, og e en grepa kar;) Føle mej veldig heldig som he fått en so livlig, snill og god kjæreste, vi he det veldig kjekt i lag! So no gleda vi oss til en bra vinter med masse snø og ski...

Bloggejenta?!

Då he ej også gjort bloggar av mej:) so gjenstår d bære å prøve å få oppdatert den litt av og til;) Ha en fin dag og blog som en gal!!!! :P