Hanne Marte:)

Sunday, November 27, 2005

Hovudlykttur


Torsdag kveld var fem turglade vennar klare for litt trasking. Vi fann fram lykter, hadde med kakao, melkesjokolade, mandarinar og pringles, og sette kursen mot Løvstakken! Veret var nydelig og stemninga var til å ta og føle på, utrulig koslig:) Trur aldri eg har vore så konsentrert på ein tur før, for ettersom vi kom opp i høgda begynte det å bli temmeleg glatt på berget (trur kanskje det berre var vi jentene som var litt redde for å skli...rart...;)). På toppen fann vi oss ein sitteplass i ly for vinden, og kosa oss storleg! Eg fann ut at det var triks å helle kakao over låret når det blei kaldt, då blei alt so mykje varmare;) Kan anbefalast...Nedoverturen gjekk i raskaste laget for nokon, men Maria og eg fekk oss i alle fall mange gode latterar, det var faktisk litt kick! Må sei slike kveldar gjer at eg synest Bergen er ein GOD by å bo i, med mange kjekke folk...gleda mej til neste tur!

2 Comments:

  • At 8:56 AM, Blogger maria said…

    Enig me deg der Hanne Marte!

    Rektignok klage me mye på regn og drittvêr i denne byen, men når go'vêret komme, då vise Bergen seg fra si beste sia :-)

    Turen t Løvstakken va ein av de bedre turene me har hatt! Klart og kaldt vêr, stjerneklar himmel, mystisk tåkelandskap, nydelig utsikt, go kakao, deilig sjokolade, og ikkje minst godt selskap!!

     
  • At 5:10 AM, Anonymous Anonymous said…

    tulle jenter... va ikkje kjekt i det heile tatt

     

Post a Comment

<< Home