Hanne Marte:)

Sunday, December 09, 2007

Advent

Ja, då va det faktisk advent nok en gong! Fyrste advent som gift, fyrste advent på lenge uten eksamenslesing, fyrste advent med jobb...satt berre å tenkte på at sjøl om det e masse som e nytt og forandra, so e det fortsatt so masse som e akkurat som før! Adventstida e GOD syns ej! Julekonserta (Mosaic sin va bære heilt fantastisk!!!), god tid - ventetid, blide folk, pepperkake, tur og andre kjekke ting med gode venninne (for en fantastisk vennegjeng sei no bære ej!!!), en kanongod mann som teke sej tid til å henge med mej på tross av iherdig eksamenslesing, karamelle som putra på ovnen, adventskalender, julekrybbe, julegåvekjøping, julemusikk...kunne nevnt i fleng! Nye tradisjona, og gamle tradisjona...alle like mykje verdt å halde på! Kjenne ej nesten blir litt sentimental her ej sitte...høyre på en fantastisk versjon av Deilig er jorden no...gå inn på http://www.mosaicmusic.no/, og nyt dei minutta songen vare! Det e so absolutt verdt det!:) ha ei GOD adventstid kjære venna og andre som måtte vere innom her, dokke e gull verdt!