Hanne Marte:)

Sunday, November 27, 2005

Julebord





Laurdag 26. november var det julebord i Astrupsvei. Vi vart møtt av tre festkledde og klare gutar, ei nydelig lukt, fyr i peisen og julemusikk; julestemninga kom med det same! Kvelden starta med ein nydeleg middag, ribbe med alt tilbehør og sjokolademousse til dessert; skal sei dei gutane kan lage mat (forstår enda en gong at ej he vore heldig ja;))!! Det var heilt fantastisk...Etter at maten hadde fått sunke litt tok vi fatt med ein julegaveleik, og etter nokre spennande minutt med iherdig terningkasting hadde alle fått gaver (nokon fekk imidlertid meir enn andre;)). Etter dette var vi klare for litt aktivitet og spelte ei runde CRANIUM, eit morsomt spel! Ein svært vellykka kveld vart avslutta med pokersjåing på TV (passa kanskje ikkje so godt inn, men det var faktisk kjekt;) hehe...), og ute var det minusgrader og stjerneklart...jula er nær!

0 Comments:

Post a Comment

<< Home